Informasjon om gyrobekjemping i Driva i 2024
Etter bekjempinga av Gyrodactylus salaris i Driva i 2023, er ikkje parasitten påvist. Likevel vil det i 2024 bli gjennomført supplerande behandling med klor for å sikre at parasitten er utrydda, spesielt i områda ovanfor fiskesperra. Dette skuldast usikkerheit om parasitten framleis er til stades der.
I august 2023 vart det funne ein laks og to hybrider ovanfor sperra, alle 6 år gamle. Desse er avkom etter siste gyting før sperra sto ferdig. Laksungen hadde G. salaris. I september vart desse områda behandla med klor, og G. salaris er ikkje påvist etter det.
Planen for 2024 inneber behandling av dei fleste lakseførande strekningane både ovanfor og nedanfor sperra. Nytt i år er inkludering av strekninga frå Lønset til sperra, inkludert Grøvu.
Behandlingsplanen startar 15. juli og avsluttast 21. august, med aktivitetar som opprigg, behandling og nedrigg både oppstraums og nedstraums sperra. Behandlingane vil inkludere klordosering i hovudelva og fleire sideelver for å hindre fortynning. Nokre bekker kan òg bli behandla med rotenon for å fjerne all fisk, basert på miljø-DNA-prøvar, observasjonar og fangstopplysningar.
Prosjektleiar for bekjemping er Helge Bardal (helge.bardal@vetinst.no; tlf. 994 74 567) ved Veterinærinstituttet. Tiltaka vil involvere 20 til 35 personar i løpet av behandlingsperioden. Miljødirektoratet er oppdragsgjevar og behandlingsplanen er basert på dei økonomiske rammene som er gitt. Statsforvaltaren er tiltakshavar for bekjempinga.
Kontaktpersonar
-
Gry Tveten Aune
Tlf: 74 16 81 50 / 40 51 17 85 -
Kristian Julien
Tlf: 74 16 81 54 / 92 26 01 22