Informasjonsbrev uke 35/2024

Innhold: 

  • Vi minner om frister – organisert beitebruk
  • Beiting som ryddemetode i SMIL-prosjekt
  • Landbruksdirektoratet stadfestar Statsforvaltaren sitt vedtak – avslag på søknad om husdyrkonsesjon
  • Konsesjonssøknad fra AS – Statsforvalteren sitt vedtak ble opphevet
Publisert 27.08.2024

Snarveg til: 

 

 

 

  • Vi minner om frister – organisert beitebruk

Tilskudd til drift av beitelag - Frist for å melde om endringer i beiteområder for beitelag som skal søke OBB-tilskudd (tilskudd til drift av beitelag) høsten 2024 er satt til torsdag 29. August.


Tilskudd til tiltak i beiteområder: Frist for å søke tilleggsbevilgning/melde om ledige restmidler er satt til 10. september.

For mer informasjon om innmelding innen fristen se: Informasjonsbrev uke 32/2024 | Statsforvalteren i Trøndelag

Kontaktperson: Eva Dybwad Alstad

 

  • Beiting som ryddemetode i SMIL-prosjekt

Statsforvaltaren i Trøndelag har fått spørsmål om rydding av gamal kulturmark ved leige av geiter med Nofence kan gis SMIL-tilskot. Vi vil informere kommunane om svaret vi har gitt på dette:

Dersom ein skal godkjenne geiter til rydding av gamal kulturmark, må også andre beitedyr kunne godkjennast til bruk i prosjektperioden. Kommunen må i kvar enkelt sak vurdere om beiting er ein eigna måte å rydde arealet på, også med tanke på alternativ kostnad om ein skulle rydde manuelt. Det må også vere eit krav at arealet før ryddinga og beitinga ikkje kan godkjennast som innmark og heller ikkje få produksjonstilskot for beiting på innmark. Målet må vere at rydding ved hjelp av dyr bidrar til at arealet kan få tilbake kvaliteten som og bli godkjent som innmark.

Kommunen må vurdere ut frå vegetasjonen på arealet om aktuelt dyr vil beite vegetasjonen i tilstrekkeleg grad. Ofte vil det vere behov for manuell rydding i tillegg. Prosjektperioden kan maksimalt gå over tre år, jf. rundskriv 2021/18 under § 5.

Kontaktperson: Linda Nyvoll Antonsen

 

  • Landbruksdirektoratet stadfestar Statsforvaltaren sitt vedtak – avslag på søknad om husdyrkonsesjon

Statsforvaltaren avslo i vår ein søknad om konsesjon på inntil 18000 verpehøner for konsumeggproduksjon. Søkjar påklaga dette avslaget. Landbruksdirektoratet har no stadfesta Statsforvaltaren sitt vedtak.

Søknaden var i hovudsak grunngjeven med ledig produksjonskapasitet og det var ført som «særleg tilfelle» at det er underdekning av egg i marknaden. Landbruksdirektoratet skriv mellom anna i si vurdering at føremålet med husdyrkonsesjonsregelverket er å leggje til rette for spreiing av svine- og fjørfeproduksjonen på fleire einingar, og at dette talar mot å innvilge ein konsesjon på grunn av marknadssituasjonen på egg. Vidare skriv dei at marknadssituasjonen på egg er noko mange eggprodusentar kan vise til, og at det derfor ikkje er eit særleg tilfelle.

Ledig kapasitet er heller ikkje vurdert som eit særleg tilfelle, då fleire produsentar kan føre dette som argument. Landbruksdirektoratet skriv vidare at det at det er bygd eit fjøs som har større kapasitet enn 7500 verpehøner er ei investering føretaket sjølv må bære risikoen for, og er ikkje eit moment som kan leggjast vekt på i vurderinga av om det skal innvilgast konsesjon. Ta kontakt dersom du ønskjer kopi av vedtaket.


Kontaktperson: Linda Nyvoll Antonsen

 

  • Konsesjonssøknad fra AS – Statsforvalteren sitt vedtak ble opphevet

Landbruksdirektoratet opphevet Statsforvalteren i Oslo og Viken sitt vedtak om avslag på konsesjon til et AS.


Statsforvalteren i Oslo og Viken avslo en søknad om konsesjon fra et AS fordi denne eierformen ikke anses å være i tråd med konsesjonslovens målsettinger. Det ble bl.a. vist til at konsesjonseiendommen heller burde gå som tilleggsareal til et gårdsbruk.


Landbruksdirektoratet opphevet Statsforvalteren sitt vedtak fordi det ikke var gjort tilstrekkelige undersøkelser rundt interessen for tilleggsjord. Saken illustrerer kravet til opplysning av en sak, og vurderingen rundt AS som eierform når konsesjonseiendommen er marginal til landbruksformål.


De som har lyst til å lese hele vedtaket kan henvende seg til undertegnede.


Kontaktperson: Trine Gevingås

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.