Endelege satsar for RMP 2020

Fredag 5. februar fastsette Statsforvalteren endelege satsar for miljøtilskot til jordbruket i Trøndelag for søknadsomgangen 15. oktober 2020.

Den 12. mars får 2815 bønder i Trøndelag til saman utbetalt kr 70.673.587 for god miljøinnsats i 2020!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.02.2021

Endelege satsar for 2020

Søkinga på RMP var i år svært nær budsjettet og Statsforvaltaren var i utgangspunktet innstilt på ikkje å endra satsane frå «foreløpige satsar». Etter at kommunane endra ein del søknader på nyåret, vart det  «pengar til overs» og nokre tilskotssatsar vart auka litt, jf tabellen nedunder.

Oversikt over endelege satsar for 2020 ligg på sida vår om regionale miljøtilskot.

 

Tabell: Endra satsar per 5. februar

Ordning 

Foreløpig sats 

Kr/daa 

Endeleg sats 

Kr/daa 

Beiting av biologisk verdifulle arealer 

90 

91 

Ingen jordarbeiding om hausten 

  

  

Prioriterte områder: 

  

  

Erosjonklasse 1 

70 

71 

Erosjonklasse 2 

80 

81 

Erosjonklasse 3 

200 

202 

Erosjonklasse 4 

240 

242 

Andre områder:  

  

  

Erosjonklasse 1 

40 

41 

Erosjonklasse 2 

50 

51 

Erosjonklasse 3 

180 

182 

Erosjonklasse 4 

220 

222 

Drift av beitelag, sau/geit  

23 

24 

 

Avkorting for feilopplysning 

I søknader der det er gitt feil opplysning i søknaden er det endeleg sats som skal vera grunnlaget for avkortingsbeløpet. 

Husk attestering RMP! 

Fredag 19. februar er siste frist for kommunen for attestering av søknader som skal vera med i utbetalinga 12. mars. Dersom det er søknader som av ein eller annan grunn ikkje er ferdigbehandla, må ein unnlate å attestere desse, desse bør takast tilbake til «under behandling».

Det er rimeleg at føretaka som har søknader som ikkje er ferdigbehandla, og difor ikkje går til utbetaling, blir orienterte om dette. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar