Tilskot innan jordbruk og skogbruk

Oppdatert 07.06.2024

Statsforvaltaren har oppgåver knytt til forvaltning av ei rekkje tilskotsordningar innan jord- og skogbruk. Innan jordbruk er dei viktigaste ordningane produksjonstilskot, avløysartilskot og regionale miljøtilskot. Innan skogbruk er tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blant dei største tilskotsordningane.

Det er kommunane som er førsteinstans for dei fleste tilskotsordningane. Kommunane informerer brukarane, behandlar søknader og gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruka. Statsforvaltaren er koordinator og rådgivar overfor kommunane.

Statsforvaltaren rettleier kommunane om tilskotsordningane og er klageinstans for kommunens vedtak. Statsforvaltaren gir eventuelle dispensasjonar, og då er det Landbruksdirektoratet som er klageinstans. Statsforvaltaren skal dessutan gjennomføre forvaltningskontrollar hos kommunane og føretakskontrollar på enkeltbruk. Det blir utarbeidd ein plan for denne kontrollverksemda kvart år.

Tilskot ved produksjonssvikt

Jordbruksføretak med omfattande svikt i planteproduksjon på grunn av klimatiske forhold kan søkje om tilskot. Før du søkjer må du ha ha meldt frå om svikten til kommunen. Søknadsfristen er 31. oktober det året avlingssvikten oppstod.

Du kan lese meir på nettstaden til Landbruksdirektoratet. Der finn du både meldeskjema og søknadsskjema.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.