Fjern landøyde

Landøyde er ei svært giftig plante, som spreier seg lett dersom den ikkje vert fjerna. Foto: Monica Dahlmo

Planta landøyde er i ferd med å spreie seg i Trøndelag, og er no observert frå Malvik til Åsen.

Landøyde kan vere dødeleg for storfe og hest, og kan vere skadeleg for småfe. På og ved jordbruksareal bør den derfor fjernast.

Publisert 17.08.2024

Landbruksnæringa bør gjere ein innsats no, før det i åra framover kan bli så mykje av planta at "kampen" blir vanskeleg. Det finst ikkje særskilte tilskotsordningar for tiltak, men vi oppmodar faglag, bygdelag og dyrehaldarar om å organisere "aksjonar" i eiga bygd og kommune.

Landøyde er ein fleirårig plante som mellom anna veks i beite og langs vegar og grøfter, og kan lett kjennast på sine gule blomar på ettersommaren. Den har frø med fnokk og spreier seg lett med vinden, om lag som løvetann.

Gir leverskadar

Spesielt hest og storfe er vare for giftstoffa i landøyde, og kan få leverskadar. Teikn på forgifting er at dyra blir avmagra og får illeluktande, mørk diaré.
Nektar og pollen frå landøyde inneheld òg giftstoff, slik at honning frå område med mykje landøyde kan innehalde meir plantegift enn grenseverdiane tillèt.

Viktig med tiltak før spreiing til slåttemark

Der det er mykje landøyde langs vegar og på beite, ser ein no at planta òg spreier seg inn på slåttemark. Ved større mengder landøyde i silo eller høy, kan problemet med forgifting bli større enn på beite. Giftstoffa blir att i planta ved tørking og ensilering, og følgjer med på fôrbrettet, der planta blir eten, og ikkje vraka. Mattilsynet opplyser om at det etter matlova § 17 er forbod mot å gi dyr fôr eller omsette fôr som ikkje er trygt å ete.

På beite blir landøyde normalt unngått av dyra, men forgifting kan førekome. Landøyde endrar smak etter sprøyting og tørking, men giftstoffa forsvinn ikkje. Difor er det viktig å fjerne planta etter tiltak slik at den ikkje blir eten av beitedyr.


Ta ei økt med luking no, før frøspreiing

Eit aktuelt tiltak for å fjerne planta er luking før frøsetting. Planta er relativt lett å luke. Den er lett å sjå med sein blomstring frå august, og det kan framleis vere tid for tiltak i år. Plantedelane bør hivast i restavfall, og ikkje liggje att i naturen. Det må ikkje kastast i matavfallet! Sidan landøyde kan gi kontakteksem bør ein bruke hanskar under luking.

I eng og beite utan kløver viser NIBIO-forsøk at landøyde kan motverkast ved sprøyting med preparat som innehelder fenoksysyrer, spesielt mekoprop-p. Les meir om dette på NIBIO sine nettsider.  Dette er ikkje aktuelt på seinsommar/haust, men når planta er i vekst i juni. Følg instruksjonar på etiketten.

Registrer artsobservasjonar

Vi bed om at publikum registrerer observasjonar av landøyde på www.artsobservasjoner.no, for å kartleggje omfanget av spreiinga.

Markdag for meir info

Malvik kommune, NLR og gardbrukarane på Karlslyst Kari Saxevik og Tore Hammer arrangerer markdag om landøyda tysdag 20. august kl. 17-18.30 ved parkeringsplass E6 ved Hommelvikkrysset. Her kan ein bli betre kjend med landøydeproblemet og kva ein kan gjere for å hindre spreiing av planten.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.