Kven skal få kulturlandskapsprisen for 2019?

Fylkesmannens landbruksavdeling skal dele ut «Kulturlandskapspris 2019». Prisen skal tildelast den eller dei som gjer ein ekstra innsats for jordbrukets kulturlandskap i Trøndelag. Fylkesmannen vil ha forslag på aktuelle kandidatar, samt grunn for forslaget, innan 1. september 2019. Det er ope for alle å sende inn forslag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.07.2019

Kriterium for prisen:

  • God ivaretaking og skjøtsel av kulturlandskapet, kulturminne og biologisk mangfald.
  • Opplevingsverdi og tilgjenge.
  • Landbruksdrifta må ivareta produksjon, dyrevelferd, og miljøomsyn på ein god måte.
  • Helst vera registrert som jordbruksføretak og motta produksjonstilskot.

Ved utvelging av årets prisvinnar vil det bli spesielt vektlagt bruk av utmark og utmarksressursar i jordbruksdrifta.

 

Prisen blir utdelt på Landbrukskonferansen på Hell 22. oktober 2019 og er ein diplom og ei pengegåve på 15.000 kr.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar