Høyring på forslag til Regionalt miljøprogram for jordbruket og Forskrift om regionale miljøtilskudd
- Høyringsfrist:
- 21. februar 2023
Statsforvalteren i Trøndelag har laga forslag til Regionalt miljøprogram for jordbruket i Trøndelag 2023-2026 og forslag til Forskrift om regionale miljøtilskudd.
Du finn forslaga under "Dokumenter" til høgre på denne sida.
Høyringsfrist
Høyringsfrist for både regionalt miljøprogram og forskrift er 21. februar 2023.
Høyringssvar sendast til Statsforvalteren i Trøndelag.
Om forslaget til regionalt miljøprogram
Statsforvaltaren har laga forslag til nytt «Regionalt miljøprogram for jordbruket i Trøndelag 2023-2026». Dette programmet seier korleis Statsforvaltaren vil at jordbrukets ulike miljøtilskudd i Trøndelag skal prioriterast i perioden. Programmet bygger på «Nasjonalt miljøprogram for jordbruket 2023-2026» laga av Landbruksdirektoratet, «Handlingsplan for landbruket i Trøndelag 2022-2025» samt «regionalt miljøprogram for jordbruket i Trøndelag 2018-2022».
Om forslag til ny forskrift
Statsforvaltaren har og laga forslag til ny «Forskrift om regionale miljøtilskudd i jordbruket, Trøndelag». Forskrifta seier kva regionale miljøtilskot jordbruket Trøndelag skal ha framover. Forskrifta bygger på «Regionalt miljøprogram for jordbruket i Trøndelag 2023-26» og «instruks for regionale miljøtilskudd» utarbeida av Landbruksdirektoratet.
- Høyringsfrist:
- 21. februar 2023