Statsforvaltaren søker ungdommar til ungdomspanelet

Her er det sitjande ungdomspanelet. Nå er me er på jakt etter nye kandidatar. Foto: Marie L. Sivertsen / Statsforvaltaren i Rogaland.

Statsforvaltarens ungdomspanel blei etablert i 2023. Panelet har 10 medlemmar og 9 varamedlemmar. Panelet hjelper Statsforvaltaren i Rogaland med råd og erfaringar knytt til dei ulike oppdraga me har. Nå treng me forslag til nye medlemmer i panelet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.11.2023

Gjennom ungdomspanelet blir barn og unge i Rogaland involverte og kan medverka i saker som gjeld dei, også hos Statsforvaltaren. Dette er ein del av satsinga vår på barn og unge.

Send forslag til kandidatar innan 1. februar 2024

Medlemmar som var valde for eitt år skal erstattast av medlemmar som blir valde for to år. Det skal også veljast nye varamedlemmar. Me har behov for å komma i kontakt med aktuelle ungdommar og ber derfor kommunane i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Helse Stavanger, Helse Fonna og Landsforeningen for barnevernsbarn om å sende inn to–fire forslag til kandidatar innan 1. februar 2024. Kandidatar kan meldast inn via dette skjemaet.

Kandidatane bør vera medlemmar av organ som kommunalt/fylkeskommunalt ungdomsråd eller elevråd. Det blir lagt til grunn at kandidaten kan uttala seg om saker som angår ungdom – og til ei viss grad kan representera ei større gruppe. Kandidaten må bu i Rogaland.

Organisering av panelet

Ungdomspanelet er ei fast ordning, og består av åtte–ti ungdommar frå ungdomsskular og vidaregåande skular i fylket – og representantar frå ungdomsråda i Helse Fonna, Helse Stavanger og Landsforeningen for barnevernsbarn.

Statsforvaltaren legg vekt på representasjon frå alle regionane i Rogaland; Jæren/Nord-Jæren, Dalane, Ryfylke og Haugalandet. Me vil ha ei brei samansetning. Då ser me også på kjønn, alder og interesser. 

Paneldeltakarar får dekt reiseutgifter og får ei møtegodtgjering.

Første møte i panelet er 23. mai 2024 kl. 16.45–19.30 for medlemmar og varamedlemmar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.