Slik søker du om verje

Her finn du ut korleis du søker om verjemål, anten det gjeld deg sjølv eller andre. Først vil me seie litt om kven som kan få verje. Deretter korleis du søker, og til slutt kva som skjer etter at me har fått søknaden din.

Publisert 06.05.2024

Kven kan få verje

For det første må personen det gjeld ha ein relevant sjukdom. Dette er sinnsliding (medrekna demens), rusmiddelmisbruk, psykisk utviklingshemming, speleavhengigheit eller alvorleg svekka helse. I tillegg må det vere ein samanheng mellom diagnosen og behovet for hjelp. Hjelpebehovet må og vere slik at mindre inngripande tiltak ikkje er godt nok. Det siste vilkåret er at verjemål er frivillig. Me kan ikkje utnemne verje om personen ikkje sjølv ønskjer det.

Som nemnd ovafor opprettar me ikkje verjemål om det er nok med mindre inngripande tiltak. Slike tiltak kan vere gjeldsrådgiving, frivillig forvaltning av trygdeinntekter gjennom NAV, frivillige kredittsperrer og fullmakter. Offentlege forvaltningsorgan har plikt til å rettleia deg innanfor fagfelta sine. 

 

Slik søker du om verjemål

Det er tre skjema som du må sende inn for å søke om verjemål. Det er 1) søknad, 2) legeerklæring og 3) samtykkeerklæring. Her finn du alle skjema: https://www.vergemal.no/skjema 

Øvst på sida finn du elektroniske skjema. Når du trykker på kvart enkelt skjema her kjem du inn i Altinn, og du sender skjemaet via denne portalen. Det er skjema nr. 2 eller 19 som er sjølve søknaden.

I tillegg må legen til den det gjeld fylle ut eit legeerklæringsskjema. Om du ikkje søker om verjemål for deg sjølv må personen som treng verje fylle ut eit samtykkeskjema. Dette berre om personen forstår kva dette inneber. Desse to skjema finn du lenger nede på sida under papirskjema. Legeerklæringsskjemaet er skjema 39, og samtykke til verjemål er skjema 38. Om du og ønskjer å fylle ut søknaden i papirformat er dette nr. 36.

Du kan skanne alle skjema og sende dei elektronisk til oss via «Sikker melding».. Du kan og sende dei utfylte skjema med vanleg  post til:

Statsforvaltaren i Rogaland, verjemål, postboks 59, 4001 Stavanger.

 

Kva skjer etter at me har mottatt søknaden

  • Me sender først varsel om at me har mottatt søknaden. Mei varslar den det gjeld og dei næraste pårørande.
  • Etter at me har varsla startar me å undersøke saka. Mellom anna ønskjer me å snakke med den som treng verje og den som er foreslått som verje. Om det ikkje er forslag til verje, vil me vurdere å utnemne ei av våre faste verjer.
  • Om alle vilkåra er oppfylte, lagar me eit vedtak om verjemål. Elles avslår me.
  • Det kan ta opp til ti veker frå me får søknaden til du få vedtaket. Skriv på søknaden om det hastar, eller ring oss.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.