Inga arveavgift kan gi fleire søknader om forskot på arv

På grunn av bortfall av arveavgifta i 2014 forventar Fylkesmannen i Rogaland ein auka pågang av søknader om forskot på arv. Når ein person pga demens eller alvorleg svekka helse ikkje sjølv kan samtykke til å gi forskot på arv, kan Fylkesmannen med heimel i verjemålslova gi det nødvendige samtykke.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.01.2014

Arveavgifta er borte frå 1. januar 2014. Det kan medføre at fleire vil velje å gi forskot på arv til sine livsarvingar. Men det finst personar som på grunn av demens eller alvorleg svekka helse ikkje er i stand til å forstå kva det å gi forskot på arv inneber og difor ikkje sjølv kan bestemme dette. Deira livsarvingar er likevel ikkje heilt avskoren frå å få forskot på arv. Når ein person ikkje sjølv kan samtykke til å gi forskot på arv, kan Fylkesmannen med heimel i verjemålslova gi det nødvendige samtykke. Fylkesmannen i Rogaland forventar på grunn av bortfall av arveavgifta ein auka pågang av søknader om forskot på arv.

To vilkår for å gi samtykke til forskot på arv
For at Fylkesmannen skal kunne gi samtykke til forskot på arv må eitt av to vilkår som står i verjemålslova § 41, 2. ledd vere oppfylt:

  • livsarvingen må ha eit særleg behov for forskot, eller
  • det må ligg føre skriftleg dokumentasjon eller andre haldepunkt for at personen ville ønskt å gi forskot på arv

Med særleg behov meinast eit konkret behov utover det vanlege. «Særleg behov» kan for eksempel vere dersom ein livsarving står i fare for å miste eigen bustad. Dersom personen som kan gi forskot på arv sit i uskiftet bu, vil alle livsarvingane ha rett på tilsvarande utdeling sjølv om berre ein av livsarvingane kan seiast å ha «eit særleg behov», jf. arvelova § 21.

Når det gjeld skriftleg dokumentasjon på ønskje til personen, vil mange tru at eit testament kan fungere som slik dokumentasjon. Men eit testamente er fyrst gjeldande etter ein person sin bortgang og vil vanlegvis ikkje kunne seie noko om vedkomande sitt ønskje om å dele ut midlar i levande live. Andre haldepunkt for at personen ønskjer å gi forskot på arv må vere noko meir enn utsegn som ikkje er dokumenterte eller generelle gissingar.

Sjølv om eitt av vilkåra over er oppfylt, gir det ikkje automatisk høve til å få forskot på arv. Fylkesmannen må alltid sikre at personen sjølv har tilstrekkeleg med midlar før utdeling av eit arveforskot kan skje. Tommelfingerregelen, basert på utsegn frå Sivilombudsmannen, er at personen minimum skal ha igjen ein likvid formue på kroner 500 000,-.

Personer som har verje, men som har sin rettslige handleevne i behald og som forstår det dei gjer, kan sjølv gi arveforskot utan at Fylkesmannen har gitt sitt samtykke. Om dei som mottar forskot på arv er mindreårige eller har verje, skal Fylkesmannen som hovudregel forvalte midlane. 

Saksgangen ved søknad om forskot på arv
Det finst eit eige skjema som skal brukast ved søknad om forskot på arv (sjå www.vergemal.no). Det er personen si verje som fyrst skal gjere ei konkret vurdering av om grunnvilkåra i verjemålslova for å gi forskot på arv er oppfylt. Fylkesmannen vil difor sende søknaden til verje for nærmare vurdering. Verje vil vanlegvis ha dialog med søkjar og ved behov innhente meir konkret informasjon. Verja gir ei skriftleg melding og tilråding til Fylkesmannen. Fylkesmannen er ikkje bunden av konklusjonar frå verje, men tek desse med seg i behandlinga av søknaden.

I ein del tilfelle vil verje vere livsarving eller ein person som står søkjaren om arveforskotet nær. Fylkesmannen vil då gjere ei konkret vurdering av om verja er inhabil. Dersom verja er inhabil, vil Fylkesmannen velje ei mellombels verje som kan tre inn i verja sin stad for å gi ei vurdering av spørsmålet om arveforskot. Den mellombelse verja vil i følgje verjemålslova § 30 ha krav på godtgjersle og dekning av utgifter. Dette skal i utgangspunktet dekkast av personen som har verje.

Fleire saksbehandlarar hos Fylkesmannen i Rogaland behandlar søknader om forskot på arv. Desse saksbehandlarane jobbar i forvaltningsavdelinga med verjemål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.