Skjønstilskot til utvikling og innovasjon for 2025
- Søknadsfrist:
- 1. november 2024 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarleg:
- Samfunnsavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunar i Rogaland
Statsforvaltaren sett kvart år av midlar til utviklings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. For 2025 er det sett av 14 millionar kroner. Dette er 2 millionar kroner meir enn året før. Fristen for å søkje er 1. november 2024.
Formålet med prosjektskjønn er å stimulere kommunane til å kunne jobbe med utvikling og innovasjon, og å bidra til at kommunane kan teste ut nye løysingar i si verksemd. Prosjekta skal styrke kommunane i si rolle som tenesteprodusent, myndigheit, lokaldemokratisk arena eller som samfunnsutviklar.
Søknadsfrist: 1. november 2024
Kommunar kan booke rettleiing frå sakshandsamar hos Statsforvaltaren for arbeidet med søknaden om midlar til utviklings- og innovasjonsprosjekt her.
Prioriterte område i 2025
Regjeringa har bestemt at FNs berekraftsmål skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i vår tids største nasjonale og globale utfordringar. FNs 17 berekraftsmål er verdens felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motarbeide ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Innovasjon og nytenking er eit viktig verkemiddel for å oppnå berekraftsmåla, og fleire av måla kan berre bli oppnådd ved hjelp av lokal innsats.
Statsforvaltaren i Rogaland vil framheve tre strategiske satsingsområde: barn og unge, klima og berekraftige velferdssamfunn, som prioriterte område for prosjektskjønn i 2025.
Barns beste er eit grunnleggande omsyn ved alle handlingar som påverkar barn. Ulike sektorar må sjå barnerettar og oppfølginga av barn, unge og deira familiar som ei heile. Målet er at alle barn skal oppleve eit godt og inkluderande oppvekst-, leike- og læringsmiljø, og få oppfylt sine rettar etter Barnekonvensjonen. Det vil krevje endringar og tilpassingar i korleis kommunane, fylkeskommunen og den regionale stat løyser sine velferdsoppgåver.
Klimautfordringa er global, men mykje av utsleppsreduksjonen og tilpassinga vil måtte skje nasjonalt og lokalt. Norges mål under Parisavtalen er å redusere utsleppet av klimagassar med 50 til 55 prosent innan 2030. Norges klimalov utgjer rammene for norsk klimapolitikk, og skal fremme gjennomføringa av omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Det vil krevje samordning og endringar i korleis kommunane, fylkeskommunen og den regionale stat forvaltar ressursane for å gjennomføre klimaomstillinga.
Berekraftige velferdssamfunn er relatert til fleire av berekraftsmåla. I tiåra som kjem vil det stå færre i yrkesaktiv alder bak kvar pensjonist. Statens utgifter vil gå opp, utan at inntektene aukar like mykje. Mangel på kompetent arbeidskraft vil vere ei tilsvarande utfordring som økonomi. Å ta vare på og sikre velferdssamfunnets berekraft, inkludert at vi oppfyller rettane til menneskjer med nedsett funksjonsevne (CRPD), er derfor vesentleg for at Rogaland skal vere eit godt fylke å bu i.
Det må kome tydeleg fram av søknaden korleis prosjektet relaterer seg til dei prioriterte områda for prosjektskjønn.
Om vurdering av søknadar
Samarbeid på tvers av kommunar og sektorar er helt nødvendig for å få til den nyskapinga som skal til for å oppnå FNs berekraftsmål. For å stimulere til samarbeid vil Statsforvaltaren derfor spesielt prioritere å støtte samarbeidsprosjekt som omfattar fleire kommunar.
Det vil styrke kommunen sin søknad dersom kommunen er med i samarbeidet Bærekraftsfylket Rogaland ledet av Rogaland Fylkeskommune.
Ved vurdering av søknadene vil Statsforvaltaren i tillegg legge vekt på gevinstrealisering og overføringsverdi til andre kommunar. Vi vil òg ta geografiske omsyn ved fordelinga, slik at utvikling og innovasjon kan bli prioritert over heile fylket.
Kommunal- og distriktsdepartementet legg i tillegg følgande føringar for tildelinga av skjønnsmidlar til utviklings- og innovasjonsprosjekt:
- Det kan ikkje gis støtte til ordinær drift, ordinære investeringsprosjekt eller drift av ordinære kommunale samarbeid.
- Det er berre kommunar som kan stå som søkar og ansvarleg for prosjektet. Kommunane kan samarbeide med andre aktørar.
- Prosjektsøknader må vere forankra hos kommunen si leiing og blant dei tilsette. Dersom kommunen deltek i fleire prosjekt som det blir søkt om midlar til må desse vere klart prioritert.
- Søknader må inkludere ein gjennomtenkt og realistisk prosjektplan med god omtale av dei utfordringar prosjektet skal bidra til å løyse.
- Kommunen må ha ei klar målsetting med prosjektet og beskrive aktuelle verkemiddel og løysningar som prosjektet skal teste ut.
- Kommunal eigenfinansiering er naudsynt. Omfang av eigenfinansiering og eventuell anna delfinansiering må kome fram av søknaden.
- Næringsutviklingsprosjekt kan ikkje få prosjektskjønn.
- Søknader for prosjekt som blir vidareført, må greie ut for prosjektet si framdrift og bruk av tidlegare tildelte midlar.
- Søknaden må innehalde ein omtale av korleis kommunen legg opp til erfaringsdeling med andre kommunar.
Sjå utlysningsbrevet for meir informasjon.
- Søknadsfrist:
- 1. november 2024 23:59
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarleg:
- Samfunnsavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunar i Rogaland