Tilskot til heimeundervisning i samband med Covid-19
- Søknadsfrist:
- 9. mars 2021 23:00
- Målgruppe:
- Elevar/lærlingar/lærekandidatar(inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommuner og fylkeskommunen i Rogaland
- Rapporteringsfrist:
- 1. juni 2021 23:00
Kommunar og fylkeskommunen kan søkje om tilskot til tiltak for å styrkje føresetnadene for å tilby god heimeundervisning om det blir naudsynt ved ei stenging.
Målet for tilskotsordninga
Målet for tilskotsordninga er å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med Covid-19-utbrotet.
Tilskott kan nyttast til
- støtte til infrastruktur som skal leggje til rette for heimeundervising
- støtte til løysingar og utstyr som skal leggje til rette for kommunikasjon mellom lærar og elev
Tilskotet gjeld ikkje for
- Friskular. Det er ei eiga ordning i regi av Utdanningsdirektoratet
- Vaksne i Introduksjonsordninga, som ikkje er deltakar i grunn- eller vidaregåande opplæring for vaksne.
- Kjøp av digitale læremiddel
Målgruppe
Målgruppa for tilskotet er elevar/lærlingar/lærekandidatar(inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg.
Tilskotsmottakar
Tilskotsmottakar er kommunar og fylkeskommune.
Søknad
Bruk søknadsskjema i høgre meny.
Søknadsfrist er 09.03.2021
Vilkår for tilskot
Tilskotet er knytt til Covid-19-utbrotet.
Mottakar av tilskotet skal rapportere om bruk av midla innan 1. juni 2021
Rapportering og kontroll
Kommunane som mottek tilskot må rapportere på bruk av midla og:
- stadfeste at midla er brukt i samsvar med føresetnadane
- opplyse om kva tiltak som er iverksette og omfanget av desse
- leggje ved relevante kvitteringar/fakturaer
Statsforvaltaren kan ta stikkprøvekontrollar av bruken av tilskotet.
- Søknadsfrist:
- 9. mars 2021 23:00
- Målgruppe:
- Elevar/lærlingar/lærekandidatar(inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommuner og fylkeskommunen i Rogaland
- Rapporteringsfrist:
- 1. juni 2021 23:00