Skjønnstilskot til smittevern og oppfølging av TISK-strategien

Søknadsfrist:
12. november 2020 23:59
Målgruppe:
Kommunar i Rogaland
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland som ikkje er kompenserte ved utgangen av oktober 2020.

Fylkesmannen i Rogaland skal i løpet av november 2020 fordele to ekstra skjønnstilskot til kommunane i Rogaland som følgje av covid-19-pandemien. Det er skjønnstilskot til smittevern på 33,3 millionar kroner og skjønnstilskot til oppfølging av TISK-strategien ved større virusutbrot på 35,0 millionar kroner.

Publisert 02.11.2020

Skjønnstilskot til smittevern

I Prop. 127 S (2019-2020) auka skjønnstilskotet til kommunane med 400 mill. kroner, for å dekkje
utgiftene til smittevern i det kommunale tenestetilbodet. Av desse midla er 33,3 mill. kroner fordelte til Rogaland.

Skjønnstilskot til oppfølging av TISK-strategien ved større virusutbrot

I Prop. 142 S (2019-2020) vart det løyvd 500 mill. kroner i skjønnstilskot som kompensasjon for utgifter til TISK-oppfølging ved større utbrot. Rogaland har av dette fått fordelt 35 mill. kroner. Desse midla skal gå til kommunar med store kostnader som følgje av større smitteutbrot. Tildelinga vil òg bli sett i samanheng med tidlegare tildelingar av skjønnstilskot.

Det finst ingen bestemd definisjon av kva større utbrot er. Forhold som kan spela inn er mellom anna talet på smitta, talet på nærkontaktar, talet på testa ved smittesporing, varigheit av utbrotet, og ressursar knytt til rådgiving, språk, kulturforståing og kommunikasjon. Forhold ved kommunen kan òg spela inn, og gjera at eit smitteutbrot kan belasta kommunar veldig ulikt.

Berre kommunar som har hatt store kostnader til TISK-oppfølging i samband med større utbrot kan søkje på dette tilskotet. Dei må i søknaden fortelje kva for utbrot kostnadene relaterer seg til, utan personopplysningar, og kva forhold som spela inn som gjorde at dette blei eit «større utbrot» for kommunen.

Om søknadsprosessen

Tar vi omsyn til alle kompensasjonsordningar som er gitt, den reduserte pris- og lønnsveksten og redusert arbeidsgivaravgift, ser førebels kommunesektoren ut til å vera godt kompensert i sum for alle kommunar.

Kommunar som bereknar at dei er kompenserte fullt ut ved utgangen av oktober 2020 skal ikkje sende inn søknad om ekstra skjønnstilskot.

Felles søknadsfrist for begge skjønnstilskot er 12. november 2020. Søknad og innspel skal sendast til fmropost@fylkesmannen.no. Fylkesmannen vil gjere fordelinga så raskt som mogeleg og seinast innan 1. desember 2020.

Sjå brevet som Fylkesmannen har sendt til kommunane i Rogaland for informasjon om kva som skal følgje med søknadene av dokumentasjon. 

Søknadsfrist:
12. november 2020 23:59
Målgruppe:
Kommunar i Rogaland
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland som ikkje er kompenserte ved utgangen av oktober 2020.