Kunngjering av restmidlar – Tilskot til kommunalt rusarbeid
- Søknadsfrist:
- 1. oktober 2020
- Målgruppe:
- Personar, eller grupper av personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Rogaland
Rogaland har kr 3 960 000 i restmidlar på tilskuddsordninga Kommunalt rusarbeid. Tilskotet skal bidra til varig kapasitetsvekst i det samla kommunale tilbodet til personar med rusproblem slik at desse blir sikra eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.
Ordninga skal understøtte måla i Opptrappingsplan for rusfeltet (2016 - 2020) med vekt på styrket innsats ut frå lokale forhold.
Prioriterte områder er:
- Tidleg intervensjonstiltak med barn/unge og eldre som prioritert målgruppe
- Tilsetjingar av personar med brukarerfaring eller erfaringskonsulentar.
- Oppsøkjande tverrfaglege behandlings- og oppfølgingsteam.
- Oppfølgingstenester i bustad, bustad med bemanning o.l.
- Arbeidsretta tiltak og/eller aktivitetstilbod.
- Lågterskeltenester
Les regleverket nøye før du fyller ut søknadsskjema. Sjå spesielt kapittel 4 Tildelingskriterium der det er gjort greie for prioriteringa, overgangsreglar og presiseringar.
Regelverk, søknads- og rapporteringskjema finn du under fana «Lenkjer».
Du kan lese meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet: https://www.helsedirektoratet.no/tilskudd/kommunalt-rusarbeid
Ved spørsmål av faglig karakter, ta kontakt med Ellen Aarre som du finn under «Kontaktpersonar». Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjema kan rettast til skjema@fylkesmannen.no
- Søknadsfrist:
- 1. oktober 2020
- Målgruppe:
- Personar, eller grupper av personar med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommunar i Rogaland