Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2020
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2020 23:00
- Målgruppe:
- Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i helse- og omsorgstenesta.
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommunar og fylkeskommunen
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2021 23:00
Dette er tilskotsmidlar som skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak og nybrots – og utviklingsarbeid.
Beløp som skal fordelast i Rogaland: Ikkje avklara ennå
Statsbudsjettreferanse: kapittel 761, post 68, Helse- og omsorgsdepartementet
Målet for ordninga:
Styrke kommunane sine evner og moglegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenesta, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane kommunane står overfor på helse- og omsorgsfeltet
Primærmålgruppe: Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i helse- og omsorgstenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale og fylkeskommunale etatar vere målgruppe (f.eks. NAV, barnevernsteneste, barnehage og skular).
Sekundærgruppe: Brukarar av kommunale helse- og omsorgstenesta og pårørande deira.
Tildelingskriteria: Skjønnsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåing
Sjå meir om ordninga på Helsedirektoratet si nettside
Søknad skal sendast til: fmropost@fylkesmannen.no
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2020 23:00
- Målgruppe:
- Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i helse- og omsorgstenesta.
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommunar og fylkeskommunen
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2021 23:00
Kontaktpersonar
-
Bjørg Odland
Tlf: 51 56 88 74