Tilskudd til kommunalt rusarbeid

Søknadsfrist:
8. mars 2019 23:00
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland
Rapporteringsfrist:
8. mars 2019 23:00

Tilskotet skal føre til varig kapasitetsvekst i det samla kommunale tilbodet til personar med rusproblem. Det eit prioritert mål å styrkje brukar- og pårørandeperspektivet i tenestene. Medarbeidarar med brukarerfaring eller erfaringskonsulentar kan tilsetjast gjennom ordninga.

Publisert 11.02.2019

Tilskotsordninga fekk i 2017 ny innretning, og det blir lagt til rette for ei meir systematisk kapasitetsbygging enn tidlegare. Dette inneber ein tidsavgrensa tilskotsperiode på inntil fire år med ein årleg reduksjon av tilskotssum og med eit samtidig krav om forankring av tiltak/stillingar i kommunale planverk og budsjett. Denne tidsavgrensinga og reduksjonen blir kompenserte av opptrappingsmidlar i rammetilskotet til kommunane under planperioden.

Søkjar skal nytte fylkesmannen sin elektroniske søknads- og rapporteringsløysing «Søknad og rapportering

Økonomirapportering for 2018 - eigenerklæringsskjema - finn du under "dokument". Utfylt skjema blir lasta opp og lagt ved søknad og rapportering. Rapporteringsfrist for tilskot motteke i 2018 er 8. mars 2019.

For å skrive ein god søknad eller rapport er det viktig at du kjenner regelverket for tilskotet godt. Regelverket finn du under «Lenkjer» .

Dersom du treng teknisk stønad knytt til søknads- og rapporteringsskjemaet ta kontakt med: skjema@fylkesmannen.no . Alle spørsmål av fagleg karakter knytte til ordninga skal rett sin til Fylkesmannen i Rogaland ved kontaktperson.

Søknad skal sendast til: fmropost@fylkesmannen.no

 

 

Søknadsfrist:
8. mars 2019 23:00
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar i Rogaland
Rapporteringsfrist:
8. mars 2019 23:00