Radon og elektromagnetiske felt
Fylkesmannen hadde fagseminar om radon og elektromagnetiske felt tysdag 5. april. Utgangspunkt for seminaret er at det er stor merksemd rundt radon og elektromagnetiske felt som høgspentlinjer, mobiltelefonar og trådlaust nettverk.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målet med seminaret var å få informasjon om kva som ligg føre av fakta og dokumentasjon om helseplager og farepotensiale når det gjeld radon og elektromagnetiske felt. Med andre ord kor farleg er eigentleg dette?
I tillegg ønska me informasjon om kva regelverk som gjeld og kva tiltak ein kan gjere for å redusere eventuelle konsekvensar.
Målgruppa for seminaret var kommunane i fylket, fylkeskommunen, helsestyresmakter, regionale etatar og andre som driv med samfunnsplanlegging.
- Program
- Kor farleg er radon og elektromagnetiske felt i eit folkehelseperspektiv? v/ fylkeslege i Rogaland Pål Iden
- Radon: Helserisiko, regelverk ,arealplanlegging, nasjonal radonstrategi og forventingar til kommunane v/Bård Olsen, Statens strålevern
- Elektromagnetiske felt - forvalting og helse v/Lars Klæboe, Statens strålevern
- Eksempel på korleis Sandnes kommune har handtert utfordringa med radon v/Grete Torjusen Tjeltveit, Sandnes kommune
- Helsefare og føre-var når det gjeld EMF i Stavanger kommune v/Ellen Bergitte Klausen, Stavanger kommune
Kontaktpersonar
-
Grete Flåten
Tlf: 51 56 88 36