Felles løft for barn og unge sine oppvekstvilkår
Fylkesmannen inviterer kommunane til å gjere eit felles løft for barn og unge sine oppvekstvilkår gjennom satsinga Sjumilssteget.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 15.07.2014
Kommunane er i eiget skriv frå fylkesmannen inviterte til å delta i satsinga og på den måten gjennomføre FNs barnekonvensjon. Hovedmålet er å hjelpe kommunane med å planlegge og sikre gode tenester til barn og unge, mellom anna ved å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen. Det første steget vil vere å gjennomføre ein analyse av kommunen sitt tenestetilbod til barn og unge.
Finn fylkesmannen sitt brev til kommunane i høgremenyen!