Bli med på eit felles løft for god oppvekst i Rogaland.
For eit år sidan inviterte Fylkesmannen i Rogaland kommunane til å gjere eit felles løft for barn og unge sine oppvekstvilkår gjennom satsinga Sjumilssteget. No kan fleire kommunar bli med.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Hovudmål for prosjektet
Hovudmålet er å hjelpe kommunane med å planlegge for å sikre gode tenester til barn og unge, mellom anna ved å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen. Det første steget var å gjennomføre ei kartlegging av kommunen sitt tenestetilbod til barn og unge. I kartlegginga sjekkar kommunen om dei tar i vare det ansvaret dei har for eigne barn og unge. Det handlar ikkje om nye oppgåver, men det er eit unikt høve til å utføra ei viktig oppgåve betre. Resultatet av kartlegginga vil bli analysert og kvar kommune vil få ein oppsummerande rapport. I tillegg skal det utarbeidast ein samla oversikt/rapport for Rogaland.
Bli med!
13 kommunar i Rogaland har til nå takka ja til invitasjonen og blitt såkalla sjumilskommunar. Desse er Gjesdal, Haugesund, Hjelmeland, Hå, Lund, Randaberg, Rennesøy, Sandnes, Sokndal, Strand, Utsira, Egersund og Finnøy.
Me håper på endå fleire. På bakgrunn av den samla kommuneanalysen vil Fylkesmannen saman med kommunane få kartlagt dei felles utfordringane i fylket, og ein vil kunne retta innsatsen meir målretta inn mot utvalte steg i barnekonvensjonen.
Fylkesmannen har sjølve laga ein prosjektplan for arbeidet med sjumilssteget i embetet. Denne finn de i høgremenyen.
Ein million til satsing på barnekonvensjonen for 2015
Nasjonalt skjer det også mykje spennande i arbeidet med barnekonvensjonen. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Arbeids- og velferdsdirektoratet gir tilskot til arbeidet med å fase inn FNs barnekonvensjon i Fylkesmannsembeta og kommunar. Arbeidet blir leia av en arbeidsgruppe med representantar frå Nordland, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hedmark, Østfold og Oslo/Akershus. Troms har koordineringsansvar.
Oppvekstkonferanse 9. juni 2016
Sett av dagen allereie nå. 9 juni 2016 inviterer vi igjen til oppvekstkonferanse i Stavanger. Detaljert info kjem etter kvart.
Har du spørsmål om arbeidet rundt sjumilssteget. Ta kontakt med Anita Olufsen - prosjektleiar.
Meir om den nasjonale satsinga finn du på http://www.sjumilssteget.no/
Kontaktpersonar
-
Anita Olufsen
Tlf: 51 56 87 37