Statsforvaltaren har gitt uttale til Tysvær kommune sitt planprogram
Tysvær kommune skal revidere samfunnsdelen og har lagt ut forslag til planprogram på høyring. Forslaget til planprogram syner ei oversiktleg og strukturert oppbygning der kommunens prioriteringar blir drøfta opp mot FN sine berekraftsmål. Statsforvaltaren har kome med innspel til planprogrammet ut frå dei nasjonale ansvarsområda me er sett til å ivareta.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Satsingsområde
- Saman om ein ansvarleg økonomi
- Saman om ein lokal og regional næringsutvikling
- Saman og ein aktiv og inkluderande kommune
- Saman om ei grønare utvikling
Det er ein styrke for planarbeidet at planprogrammet har ei så tydeleg føring om at samfunnsdelen skal styrkast og sikrast som kommunen sitt viktigaste styringsdokument. Statsforvaltaren har kome med innspel til planprogrammet ut frå dei nasjonale ansvarsområda me er sett til å ivareta. Her er eit lite utdrag frå uttalen:
Folkehelse
Det er positivt at ein så klårt i planprogrammet viser til Folkehelseoversikten, og at kunnskapen derifrå skal nyttast i planarbeidet. Planprogrammet kan med fordel vere enda tydelegare når det kjem til konkret oppfølging av folkehelseutfordringar.
Klima
Satsingsområde «saman om ei grønare utvikling» skisserer viktige tema for kommuneplanarbeidet, og legg grunnlag for grøn omstilling. Statsforvaltaren har vist til fleire verktøy som kommunen kan ta i bruk i det vidare arbeidet med klima.
Samfunnstryggleik
Kommunen har laga ny heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) som skal liggje til grunn i den vidare planlegginga. Det må konkretiserast korleis utfordringar som flaum og grunnforhold skal følgjast opp i planarbeidet.
Arealstrategi
I samband med kommuneplanrulleringa skal det utarbeidast ein arealstrategi. Dette er positivt fordi samfunnsdelen utgjer eit viktig premiss for dei langsiktige arealbruksvuderingane i kommunen. Kommunen opplyser at utbyggingsmønster blir eit viktig tema, og Statsforvaltaren har her vist til regionale føringar som må liggje til grunn for arbeidet.
Kommunestruktur og økonomi
For å løyse fleire av utfordringane kommunen peiker på i planprogrammet, bør dei vurdere moglegheita for å slå seg saman med andre kommunar. Dette bør nemnast i planprogrammet som ei moglegheit som innbyggjarane sjølv kan drøfte og kome med innspel på. Vidare er det positivt at «saman om ein ansvarleg økonomi» er eitt av satsingsområda. Her må kommunen sikre god oppfølging av måla gjennom konkrete tiltak og tilhøyrande økonomiske prioriteringar.
Les heile Statsforvaltaren sin uttale i lenka til høgre for teksten.