Hylsskaret naturreservat i Suldal kommune har blitt utvida
Kongen i statsråd vedtok 20. desember 2024 vern av 22 skogområde i Norge. I Rogaland fylke gjeld dette ei utviding av Hylsskaret naturreservat i Suldal kommune. Utvidinga var på 414 dekar og nytt verneareal for Hylsskaret er 12 127 dekar. Vernet av Hylsskaret er basert på frivillig vern av skog.
Vernevedtaket med lenker til oversiktskart over alle dei 22 områda, Kongeleg resolusjon, verneforskrifter og lenke til vernekart for dei einskilde områda er lagt ut på Klima- og miljødepartementets si heimeside (https://www.regjeringen.no/no/dep/kld/id668/). Kongeleg resolusjon, nytt vernekart og endringar i verneforskrifta for Hylsskaret naturreservat leggast ved som dokument her.
Føremålet med vernet av Hylsskaret naturreservat er å ta vare på eit område som representerer ein bestemt type natur i form av eit større samanhengande skogsområde frå fjord til fjellhei, med stor variasjon i skogsnaturtypar frå varmekjær edellauvskog med alm, ask, lind og hassel til gamal barskog dominert av furu, og skog og bekkekløfter med høg luftfuktigheit, og med fleire sjeldne og raudlista artar. Området inneheld kulturminne som eldre tuftar, husmannsplassar og einskilde store styvar av alm og ask.
Det er ei målsetting å behalde verneverdiane i mest mogleg urørt tilstand, med stadeigne artar og naturtypar og naturleg skogdynamikk, og eventuelt vidareutvikle dei.
Vernekart