Jærkysten er verna!

Fredag 17. juni oppretta regjeringa tre nye marine verneområde, - og Jærkysten i Rogaland er eit av dei.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.07.2016

 

Verneområde i sjø

 

Jærkysten marine verneområde dekkjer eit relativt stort sjøareal på 142 km2, frå 5 meters djup ut til om lag 50 meter. Det strekkjer seg frå Sele og Revtangen i Nord til Ognabukta i Sør. Området er kjent for store grunne parti med sandbotn og rullestein. Det marine verneområdet overlappar delvis med dei eksisterande verneområda Jærkysten landskapsvernområde og Ramsar-området Jæren våtmarksystem. Verneformålet er knytt til sjøareal og sjøbotn; med israndavsetningar, naturleg sedimenttransport og eit mangfald av økosystem og habitat med tilhøyrande dyre- og planteliv.


Formål for vernet

 

Oppretting av marine verneområde er heimla i § 39 i naturmangfaldlova av 2009. Jærkysten er eit av fleire marine område som inngår i nasjonal marin verneplan. Vernevedtaket vil bidra til at to av dei nasjonale måla for naturmangfald kan bli nådd:

  • Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar
  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast

I tillegg bidrar vernevedtaket til å nå internasjonale mål, blant anna målet i FN-konvensjonen om biologisk mangfald om vern og bevaring av område som er viktige for biologisk mangfald og økosystemtenester.

Les meir om saka på Regjeringa si nettside.

I høgremargen finn du sjølve forskrifta, kart og framlegg til kongeleg resolusjon om verneplan for marint verneområde Jærkysten.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.