pH-kart for Rogaland 2012
Fylkesmannen har på nytt oppdatert "pH-kartet" for Rogaland. 406 prøver frå ukalka lokaliteter i heile fylket er samla inn. I dag har omlag 5% av vatna pH under 5. I 1980-åra hadde til samanlikning omlag 20% av fylket så surt vatn. Betringane siden den gong er store!
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Resultata viste at vassvaliteten med omsyn til forsuring stort sett er god, med unnatak av den sør-austre delen av fylket. Samenlikna med tilsvarende undersøkingar i 2002 og 2007 var endringane små, noko som tyder på at mykje av den forventa betringa i forsuringssituasjonen allereie har skjedd. Variasjonene dei siste åra skuldast mest sannsynleg naturlege variasjonar.
Vatnet i Rogaland er svært fattig på oppløsyte salt, og auren er difor spesielt sensitiv for surt vatn i vårt fylke. I fjellområda reknar vi at kritisk grense for aure er pH omlag 5,5. Kombinasjonen av surhet og lågt saltinnhald i vatnet gjer at auren framleis har problem med å leva og formera i 1/4 av fjellvatna over 500 m.
Kartet under kor det vart henta vassprøver. Alle prøvene (406) vart analysert for pH, kalsium, leidningsevne, farge, natrium og klorid.
Trykk på kartet for å få opp ein større versjon !
Innsamlingsarbeidet har vore omfattande og krevjande. Utan god hjelp frå kommunar og kommunetilsette, grunneigarlag, turistforninga, kraftselskap og enkeltpersonar ville det ikkje vore mogeleg å gjennomføra prosjektet. Takk til alle som hjelpte til.
Fylkesmannen skal no bearbeida alle rådata nærare. Ein rapport med ei grundigare vurdering av resultata vil bli lagt fram våren 2013.
Kart: Espen Enge