Trua naturtypar av nasjonal verdi i Rogaland

Rapporten frå naturtypekartlegginga i 2006 er klar. Dei største områda attverande kystlynghei i landet finn ein i grenseområda mellom Bjerkreim, Hå, Time og Gjesdal. Det er søkt om konsesjon til vindkraftverk i det meste av dette området.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.06.2008

John Bjarne Jordal utførte i 2006 supplerande kartlegging av prioriterte naturtypar for Fylkesmannen i Rogaland etter nasjonal metodikk. Rapporten frå arbeidet finn du i lenka nedanfor.

Det er undersøkt, avgrensa og skildra 117 nye naturtypelokalitetar frå hovudnaturtypane havstrand/kyst, kulturlandskap, myr, ferskvatn/våtmark, skog og berg/rasmark. Det er særleg lagt vekt på kulturlandskap der m.a. ein del heiområde er undersøkt.

  • 49 lokalitetar fekk verdien A svært viktig
  • 46 lokalitetar fekk verdien B viktig
  • 22 lokalitetar fekk verdien C lokalt viktig

Dessutan er ca. 60 tidlegare avgrensa lokalitetar kontrollerte og data er supplerte, særleg i Bjerkreim og Sauda.

162 funn av nasjonale raudlisteartar av lav, mosar, planter og sopp er påviste under feltarbeidet.

Materialet er presentert dels i rapportform, dels i database som vil bli importert til Naturbasen. Det er framleis vesentlege manglar i dekningsgrad og kvalitet på naturtypekartleggingane i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.