Ikkje utvida bølgesurfing på Jærstrendene

Direktoratet for naturforvaltning har avgjort at bølgesurfing i tre fuglefredningsområde på Jærkysten er i strid med føremålet med vernet. Klagen frå Norsk Surfforbund vert avvist. Søknaden galdt lokalitetane Øyren, Skarsteinane og sørsida av Reve hamn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2005

I brev av 3. januar 2005 avslo Fylkesmannen søknad frå Norsk Surfforbund v/ Jan Erik Jensen om bølgesurfing i dei nemnde fuglefredningsområda. Vedtaket vart påklaga til Direkteoratet for naturforvaltning (DN).

I grunngjevinga frå DN dagsett 29.09 2005 vert det mellom anna peika på at dei aktuelle verna områda langs Jærkysten har internasjonal RAMSAR-status. Desse områda er allereie under press frå mange kantar. Det er også venta at talet på bølgesurfarar vil stige dei neste åra. I forbodsperioden frå 1. oktober - 31. mars finst det framleis mange gode surfeområde som kan nyttast fritt, til dømes Kvassheim sør, Refsnes, nord for Reve hamn, Hodne, Fuglingane, Bore sør, Buasanden, Bybergsanden, Hellestø nord, Regestranda, Tungenes. Utanom vinterperioden kan ein surfa fritt både i og utanfor fuglefredingsområda.

DN peikar på at det ikkje finst gode undersøkingar om effekten av bølgesurfing på sjøfugl. Derimot finst god generell dokumentasjon på at forstyrring av fugleliv verkar negativt inn på bestandane. Direktoratet meiner at i eit område med så stor friluftsaktivitet som på Jærstrendene må før-var-omsyn tilleggast stor vekt.

I avgjerda til DN er det og lagt vekt på at ein dispensasjon i denne saka lett vil skape uheldig presedens for eventuelle ny søknader om dispensasjon for same eller liknande aktivtetar i fuglefredningsområda.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.