Fylkesmannens beredskapstelefon rovvilt
Fylkesmannens beredskapstelefon for rovvilt er operativ fram til 15. september 2013.
Telefon mobil 90778668 og 92288785.
I tråd med rovviltforliket i 2011 er det ønskjeleg å sikra ei rask og effektiv handtering av spørsmål knytt til løpande forvaltning av rovvilt. Rovviltnemnda i region 1 har difor etablert ei beredskapsordning hos fylkesmannen som skal ivareta dette omsynet og utanom ordinær kontortid.
Dersom du ikkje får svar på mobiltelefonen, kan du leggje att beskjed på svararen eller sende ei tekstmelding. Vi vil då ta kontakt så snart vi kan. Husk å ta kontakt med oss dersom du sender inn søknad om skadefelling på e-post utanom kontortid eller dersom du meiner det bør setjast i verk akutte, førebyggjande tiltak mot rovviltskader på bufe.
Vi minner om at det framleis er rovviltkontaktene i Statens naturoppsyn (SNO) som har ansvaret for å dokumentera skade husdyr som kan vera drepne eller skada av rovvilt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.