Fylkesblom

Klokkelyng er fylkesblomen i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.11.2012

Klokkelyng (eller poselyng) er ein vintergrøn art i lyngfamilien som kan bli opptil ein halv meter høg. Det latinske namnet er Erica tetralix. Erica var i antikkens Hellas namnet på ein høgvaksen lyng, og tetralix tyder firkransa og viser til blada som sit i kransar fire og fire oppetter stengelen. Heile planten er kjertelhåra. Blomane er krukkeforma, lyseraude og nikkande og sit i endeklasar. Blada er lineforma og er grågrøne av kjertelhår på oversida og kvite under.

Klokkelyng finst på fuktige stader i lynghei og torvmyrar på kalkfattig grunn. I Noreg er arten vanleg i kyst- og dalstrok frå Vestfold til Nordland, og sjeldsynt på austlandet. Høgdegrense i Vinje i Telemark kor arten er funnen opp til 925 moh. Er elles utbreidd i Vest- og mellom Europa.

Fylkesblomen er ei sjeldan vakker plante utbreidd i heile Rogaland og pregar landskapet, særleg ved bløminga i juli og august. Det er dei raudbrune lyngheiane som gjev kyst-Noreg sitt særpreg. Klokkelyngen har i tidlegare tider vore nytta som material for gryteskrubb og sopelimar. I dag er planten først og fremst verdsett som "nektarleverandør" til birøktarar i form av lynghonning. Klokkelynghonningen er meir tyntflytande enn annan lynghonning, har særeigen smak og er etterspurd av gourmetkokkar.

Fylkesblomen kan seiast å vera ein symbolblom for ein av dei mest trua naturtypane vi har i Noreg, kystlyngheiane. Dette kulturlandskapet oppsto i Rogaland i yngre steinalder for over 5000 år sidan då husdyrbønder tok til å brenna og rydda skogen for å få vinterbeite til dyra. Driftsforma og landskapstypen spreidde seg langs kysten heilt nord til Lofoten.

Kystlyngheia er oftast prega av lyngartar, men i dei fuktigare delane er det ofte meir rome, bjønnskjegg og blåtopp. Klokkelyng har dårlegare spireevne og etableringsevne enn røsslyng, men tåler betre høgt og stagnerande grunnvatn og er derfor ofte viktigaste lyngarten i fukthei og myr. Kystlyngheiane finst i område med oseanisk klima, karakterisert av ei jamn fordeling av nedbøren gjennom året, milde vintrar, lite snø og dermed ein lang beitesesong. Dei gamle lyngheiane gror nå raskt til på grunn av lite beiting og skogplanting, eller dei blir øydelagde gjennom oppdyrking, opgjødsling utbygging og steinbrot. Langtransportert luftureining har og ein negativ gjødslingseffekt. Det finst likevel att lyngheiareal på 30-40 kvadratkilometer i Sør-Rogaland, truleg dei største i landet. Desse vindfulle og tynt busette områda er nå sterkt truga av vindkraftutbygging.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.