Snart frist for å søka om erstatning for rovdyrskadar

Fristen for å søka om erstatning for skadar på husdyr er 1. november. Staten erstattar dokumenterte og antatt tap og skadar frå rovdyr på husdyr. Alle søknadar må leverast elektronisk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.10.2016

Ordninga skal kompensera for husdyreigar sitt tap og fylgjer av dette når skadane skuldast artane gaupe, jerv, ulv, bjørn eller kongeørn. Alle husdyreigarar med dokumenterte tap eller som meiner de har slike tap kan søka om erstatning dersom dei mottar produksjonstilskot, bur i Noreg og søkar innan fristen. Frist for søknad er 1. november.

Elektronisk søknad

Det eit krav at alle skal levera elektronisk søknad gjennom elektronisk søknadssenter.

Har ein problem med å levera elektronisk søknad kan ein ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen og be om hjelp. Nye søkarar må fyrst registrera seg som søkar.

Din elektroniske søknad vert sendt til oss for vurdering, og alle får svar i eige brev.

Dokumentasjon

Alle relevante opplysningar må fylgje søknaden. Dette er viktig for at me skal kunne vurdera søknaden godt etter Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt.

Søknaden må omfatte eit kart med innteikna beiteområde. Kartet kan leggast til som vedlegg til elektronisk søknad eller sendast med post til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger. Hugs å merke kart med namn og kommune.

Det er og eit krav om at ei liste over individ skal følgje som vedlegg til søknaden. Lista skal som minimum innehalde alle individnummer i besetninga, kopling mellom mor og lam, dødsårsakar og helse/sjukdomsinformasjon.

Vidare er det til god hjelp om søkarar skriv litt om deira inntrykk av førekomst av rovdyr i beiteområdet samt tiltak mot rovdyrskadar.

Melding til Statens naturoppsyn

Med det same nemner me at Statens naturoppsyn har ansvar for å dokumentera førekomst av freda rovdyr og dokumentera skadar. Alle funn av kadaver eller skadar på husdyr som kan skuldast rovdyr skal straks meldast til naturoppsynet. Dette er eit krav for å seinare ha rett til å søka om erstatning.

Her er ei oversikt over rovdyrkontaktar i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.