Ny giv for restaurering av norsk natur
Det tiåret me nett har gått inn i er FN sitt tiår for restaurering, rehabilitering og «rewilding» av verdifull natur over heile verda. Miljødirektoratet heldt 18.–19. januar ein nasjonal restaureringskonferanse som markerte ein ny start og sterkare fokus på restaurering av norsk natur.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Menneskelege påverknader har gitt også oss utfordringar med framande, aggressive og skadegjerande artar og tap av stadeigen flora og fauna. Mykje svært verdfull natur er tidlegare og blir enno tatt i bruk til dyrking og bygging. Døme er skog og vassdrag med myr som dempar flaum, bind karbon, reinsar luft og vatn og gjev oss andre økosystemtenester. Det er ein mykje meir medviten haldning til å ta i bruk nye område no og det nye ideala er arealnøytralitet og karbonnøytralitet. For å kunne dekke nye behov for areal til bygg og primærproduksjon, må me også tilbakeføre areal til verdfull natur.
Det blir ikkje som før – men det kan bli svært bra!
Restaurering, eller rehabilitering om en vil, handlar om å tilbakeføre natur til historiske eller meir naturlike tilstandar. Dette kan vera fjerning av framande treslag, reetablering av vegetasjon langs vassdrag og også å tette igjen drenerande grøfter for å få tilbake karbonbindande og flaumdempande myr og våtmark. Dette vil typisk være historiske grøfter kor ein ser at grøfting ikkje lenger vil ha noko for seg – området er for vått uansett – eller det har skjedd arealbruksendringar som gjer at grøftene ikkje tener landbruksinteressene lenger. Ein kan som regel ikkje forvente at ein skal få tilbake den opphavelege naturen, men ein kan legge til rette for ein endring som nærmar seg denne.
Stor samfunnsnytte ved restaurering av myr og vassdrag
Det er ofte «våt natur» som er målet for restaurering. Tida har vist at gjennomførte restaureringsprosjekt som er godt interesseavklart med landbruk, har stor samfunnsnytte. Kantsonevegetasjon har ein stor avbøtande effekt på flaumerosjon og næringsavrenning. Tilsvarande har restaurerte myrer ført til reduserte og forseinka flaumtoppar, noko som er av stor interesse ut frå dei venta endringane i nedbør.
Dei positive effektane verkar både lokalt og spesielt nedstraums i nedbørsfeltet. Myr har også enorme karbonlagringseigenskapar, og kan lagre 2-8 gonger meir CO2 per m2 enn skog. Myr er difor av nasjonal og global interesse å restaurere. Ein kan ikkje lenger berre tenke lokalt, ein må heve blikket og tenke større. Det finnest ei rekke naturbaserte klimatilpassingar me kan nytta oss av.
Eig du areal som du vil restaurere?
Rogaland er under eit sterkt arealpress slik at dei blå-grøne areala me har må forvaltast godt. Historiske grøfter som ikkje har funksjon lenger, og andre tidlegare naturendra inngrep, kan identifiserast gjennom ulike kartkjelder. Men mange er vanskelege å få auge på. Overgrodde grøfter kan drenere godt sidan det som regel berre er overflata som er grodd att. Me vil difor gjerne høyre frå deg som kjenner til tidlegare grøfta areal som ikkje fungerer godt som landbruksareal lenger. I skog, myr eller vassdrag – på eigedomen din eller anna område du kjenner godt.