Naturtypekartlegging etter Miljødirektoratet sin instruks 2020
Fylkesmannen i Rogaland har levert inn forslag til områder som kan kartleggast i 2020. Nå ber Miljødirektoratet om innspel til desse områda.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Naturtypekartlegging etter Miljødirektoratet sin instruks er ein kartlegging av eit utval naturtypar. Det vil si at kartleggar vil synfare områda på leit etter desse naturtypane, og om dei finn desse skal dei markerast på kart. Desse naturtypane inkluderar raudlista naturtypar og naturtypar som er levestad for fleire raudlista og sjeldsynte artar.
Fylkesmannen har føreslått fleire områder i Rogaland, lyseblå felt i kartet. Det er ikkje gitt kor mange eller hvilke av desse som blir kartlagt i 2020. Utvalget er basert både på moglegheita for å finne naturtypar som kan kartleggast og ein vurdering av ytre negative pressfaktorar på desse naturtypane.
Miljødirektoratet har satt ein frist på tilbakemelding til måndag 16.12.2019. Tilbakemeldingen kan sendast til post@miljodir.no med referanse 2019/14059. |