Kartlegging av natur i Rogaland 2021
I mai vil Miljødirektoratet starte kartlegging av naturtypar for utvalde område i Rogaland. Biologar frå Ecofact Sørvest vil dekke i alt 219 kvadratkilometer i utvalde område, medan Miljøfagleg Utredning og Dokkadeltaet nasjonale våtmarkssenter AS vil kartlegge innanfor utvalde verneområde.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kart over område for kartlegging: A) Oversikt over områda som skal kartleggast i år; grøn = utvalde område for kartlegging, og blått = verneområde som skal kartleggast. B) Eit døme frå kartlegginga i 2018; berre utvalde naturtypar vert registrert, men heile areal innanfor områdeomrisset har vore undersøkt til fots. Dei mørkelilla figurane er naturtypeareal med svært høg kvalitet.
Kvifor kartlegge natur?
Arbeidet ein del av ein nasjonal kartlegging for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur, vedteke av Stortinget i 2015. Data som vert innhenta i felt vil mellom anna bli brukt i arealplanprosessar av ulike sektorar, etatar og kommunar. Det vil bidra til ein effektiv og lik handsaming slik at det blir lettare å ta rette avgjerder også med omsyn til naturverdiane i regionen. Kartlegginga vil vere nyttig for grunneigarar, mellom anna om dei søkjer tilskot til tiltak for trua natur og kulturlandskap, eller støtteordningar som SMIL og regionalt miljøprogram (RMP).
Kva kartleggast?
Kartlegginga skjer etter Miljødirektoratet sin instruks som bygger på eit standardisert system for omtale av natur; Natur i Noreg (NiN). Her har Miljødirektoratet valt ut 111 ulike naturtypar som skal kartfestast i heile landet. Av desse naturtypane er 83 raudlista (trua) i Noreg, og 28 er fastsett som viktige leveområde for trua og nær trua artar. Kartlegginga blir utført av fagbiologer med høg kompetanse og erfaring i naturtypekartlegging. Registreringane skjer ved at dei teiknar inn naturtypane på digitale kart. I tillegg til naturtype skal kvar registrering ha ein vurdering av lokalitetskvalitet basert på tilstand og biologisk mangfald i registrert naturtype. Kartlegginga skjer til fots og områda som skal kartleggast kan innehalde både innmark og utmark.
Ferdige kart vil bli tilgjengelege via Naturbase, Økologisk grunnkart og Temakart-Rogaland. I Temakart-Rogaland finn ein eksisterande informasjon om naturtypar etter Miljødirektoratet sin instruks i tema «Natur – Naturtyper-NiN».
Kven kan eg kontakte?
All ferdsel skjer i tråd med friluftslova og reglar for god ferdselskultur. Det kan vere naudsynt å gå på/langs innmarksareal. Om det er særskilte omsyn som må takast i samband med ferdsel, eller du ikkje samtykker til anten ferdsel på din innmark eller uttak av små mengder plantemateriale for identifisering, bes du kontakte Statsforvaltaren i Rogaland, sjå kontaktinformasjon.
Lenkjer
Kontaktar
Einar Heegaard, fmroehe@statsforvalteren.no eller
tlf. 51 56 88 72
Geir Gudmestad, gegud@statsforvalteren.no eller
tlf. 51 56 89 14