Tilskot til trua naturtypar og artar og framande, skadelege organismar – Søknadsfrist 15. januar 2020

Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar som ynskjer å gjera ein innsats for å ta vare på våre trua artar og naturtypar i 2020, kan søka Miljødirektoratet om tilskot til slike tiltak i Elektonisk søknadssenter (ESS). Men ver rask - Fristen er 15. januar! Sidan midlane er avgrensa, er det viktig at dei som har høve til å søka på miljøtilskotsordningane i landbruket, nyttar desse.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.01.2020

Fylkesmannen si rolle i tilskotsordninga er å fordela midlane etter rammer frå direktoratet. Det kan søkast om ulike tiltak for alle trua artar og naturtypar. Ut frå behova i Rogaland vil me særskilt peika på desse områda:

Naturtypar

Ordninga er retta mot tiltak for utvalde naturtypar (naturmangfaldlova) og truga naturtypar (Norsk raudliste for naturtypar) utførd av grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar , kommunar, verksemd og institusjonar. Døme på tiltak er skjøtsel og vedlikehald av areal, tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretak, gjerding, kartlegging og overvaking knytt til tiltak.

Kystlynghei. Denne naturtypen fekk i 2015 ein særskild status som utvald naturtype. Rogaland er det fylket i landet med største areal med kartlagt verdifull kystlynghei. Dei siste åra har eit stadig større areal kome inn under organisert skjøtsel gjennom tilskot over jordbruksavtalen (Regionalt miljøprogram-RMP) og frå Miljødirektoratet, og denne satsinga bør førast vidare og styrkast. Fylkesmannen vil gjennom tilskotsordninga særleg stimulera til god skjøtsel av kystlyngheia. Kystlynghei er betinga kombinasjondrift gjennom beiting og brenning, og det vil bli lagt vekt på langsiktighet og skjøtselsplanar.

Store/gamle/hole tre - eik. Som utvald naturtype er dette eit viktig leveområde for svært mange artar i fleire artsgrupper og mange av desse artane er i seg sjølve raudlista. Slike tre finst særleg i kulturlandskapet, skogkantar, ved vegar eller i byggeområde og står dermed i stor fare for å bli hogne eller skada dersom nokon tykkjer dei er til ulempe. Det kan søkast midlar til kartlegging, eller rett skjøtsel av trea, t.d. rett skjering dersom det må gjerast inngrep (som alternativ til hogst).

Mange artar er knytte til dei store eikene, lav og mosar veks på den grove borken, sopp og insekt er knytt til daud ved eller vedmolda i holrommet. Store eiker finst og i hagemark, i beiteskogar eller knytt til naturtypen lågurt-eikeskog. I slike skogar er botnvegetasjonen rik på urter, og det kan søkast midlar til å få utarbeidd skjøtselsplan og gjennomført ein best mogleg samla skjøtsel for heile området.

Haustingsskog. Det blir gitt tilskot til skjøtsel av «kydlestuvar» over jordbruksavtalen (Regionalt miljøprogram). Der slike stuvar står mange saman i naturtypen haustingsskog eller rik edellauvskog, kan det søkast om midlar til å få laga ein skjøtselsplan som omfattar både trea og bakken og gjennomføra ein heilskapleg skjøtsel for best mogleg å ivareta biologisk mangfalde i slike skogar. Det blir lagt vekt på skogar rike på epifyttar, til dømes med lungeneversamfunn.

• For raudlista naturtypar (Artsdatabanken) som det kan søkast midlar for å ta vare på, kan slåttemark, beiteskog og kystmyr/kystnedbørsmyr nemnast.

NB! I søknaden skal det fyllast ut om det blir søkt andre tilskotsordningar for det same området, til dømes SMIL. For RMP med søknadsfrist/innmelding om hausten skal motteke tilskot for året før fyllast ut.

Artar

Søknader for å ta vare på artar vil bli prioritert etter plassering på raudlista og om det er særleg viktige bestandar av arten i Rogaland. Tiltak det kan søkjast om er skjøtsel og vedlikehald, forbetring av levestad, konkrete tiltak for einskilde artar, tilpassa bruk i landbruksføretak, gjerding, kartlegging og overvaking knytt til tiltak. Særleg aktuelle artar er:

  • Hubro. Det er særleg prioritert å gi tilskot til energiselskap for tiltak i kraftliner som reduserer tap av hubro.
  • Jærtistel. Det er ein handlingsplan for 7 planteartar i Rogaland der det truleg er størst behov for særskilde tiltak for denne arten. (Meir informasjon).
  • Svarthalespove er ikkje lenger ein prioritert art, men det er framleis eit stort behov for frivillige avtalar om utsett slått der han hekkar, og det kan søkast om midlar til dette her.
  • Åkerrikse. Også for denne arten blir arbeidet med frivillige avtalar om utsett slått der han hekkar ført vidare. Det kan søkast om midlar på denne posten.
  • Elvemusling er ein trua art som er svært nyttig for økosystema i bekkar og elvar. Det kan søkast om midlar til kartlegging eller andre tiltak som styrkar bestandar av arten.

Framande, skadelege organismar

Framande, skadelege organismar følger utvalet frå Artsdatabanken sitt arbeid med «fremmedartslista 2018». er eit veksande problem for biologisk mangfald generelt og fleire av dei særskilte naturtypane i Rogaland spesielt. Dei framande artane har ein stor påverknad på både leveområde og bestandar av fuglar, dyr og plantar.

Som eit ledd i å dempe dei negative verknadane på stadeige biologisk mangfald, er det ein eigen tilskotspost i ESS. Søkjarar for ordninga er regionale og nasjonale organisasjonar, institusjonar og private verksemder.

Ordninga tar sikte på å bidra til direkte tiltak for å nedkjempe framande, skadelege artar, informasjonsarbeid og kartlegging og overvaking av framande, skadelege artar. Det blir lagt vekt på søknader som er forankra i gjeldande nasjonale prioriteringar og handlingsplanar i arbeidet mot framande, skadelege artar. For Rogaland kan sitkagran, mink, rynkerose, lupin, kjempespringfrø, parkslirekne, lerk , buskfuru, gyvel og stillehavsøster nemnast som døme. Tiltak mot framande artar kan og vera del av søknader for å ta vare på trua naturtypar og artar (sjå over).

Tiltak for ville pollinerande insekt

Insekt er i akutt tilbakegang i Noreg og elles i Europa. Insekta har fleire viktige oppgåver, til dømes pollinering av blomsterplantar. Ein tilbakegang av insekt vil påverke reproduksjon til dei plantane som bestøvast av insekt. Ein viktig oppgåve er å sikra og betre leveområde for ville pollinerande insekt, slik det er omtala i Nasjonal pollinatorstrategi. 

Tilskotet er retta mot grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar. Døme på tiltak som kan få tilskot er: restaurering av leveområde, skjøtsel, etableringa av nye leveområde, areal for yngling, matsøk, informasjonsarbeid, nedkjemping av framande organismar, tilpassa drift i jordbruket.

 

Meir om Miljødirektoratet sine tilskotsordningar.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.