Kommunane i Rogaland satsar på klimaomstilling!
Då søknadsfristen for Klimasats gjekk ut 15. februar låg det 301 søknadar i bunken. Det melder Miljødirektoratet. Av desse kjem 36 søknadar frå kommunane i Rogaland, som totalt har søkt om 66 millionar kroner i støtte til klimaprosjekt i 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Støtteordninga Klimasats er for kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og bidra til omstilling i lågutsleppssamfunnet. Det er Miljødirektoratet som forvaltar støtteordninga. Sidan oppstart i 2016 har nesten 1600 prosjekter fått støtte på meir enn éin milliard kroner.
Hovudsøknadsfristen for 2022 gjekk ut den 15. februar. Miljødirektoratet melder om at dei har motteke 301 søknadar denne gongen. Klimatiltak innanfor bygg og byggeplassar, klimavenleg areal- og transportplanlegging, samt ulike sirkulære tiltak er populært i søkjarbunken.
Mange gode prosjekt frå Rogaland
Kommunane i Rogaland har søkt om 66 millionar kroner fordelt på 36 søknadar i 2022 (tabell 1). Det gjer Rogaland til det fylket med nest flest søknadar, og det er flott å sjå kor framoverlente kommunane i Rogaland er! Det er sendt inn søknadar frå 11 kommunar, inkludert Rogaland fylkeskommune. Fleir er av prosjekta er samarbeidsprosjekt mellom som involverer fleire kommunar. Sjå oversikt over alle prosjekta i frå Rogaland i tabellen nedst i nettsaka.
Sidan støtteordninga starta i 2016 og til og med 2021 er det løyvd ein samla sum på 195 millionar kroner til 132 ulike prosjekter i Rogaland som allereie er gjennomført eller er under gjennomføring.
Tabell 1: Total søkesum og tal søknadar per fylke. Kjelde: Miljødirektoratet.
Fylke |
Total søkesum (avrunda) |
Tal søknadar |
Agder |
22 millionar |
22 |
Innlandet |
24 millionar |
26 |
Møre og Romsdal |
8 millionar |
20 |
Nordland |
23 millionar |
28 |
Oslo |
16 millionar |
11 |
Rogaland |
66 millionar |
36 |
Troms og Finnmark |
27 millionar |
17 |
Trøndelag |
46 millionar |
23 |
Vestfold og Telemark |
18 millionar |
24 |
Vestland |
59 millionar |
33 |
Viken |
90 millionar |
58 |
Søknadsbehandling og fristar 2022
Søknadane vert behandla av Miljødirektoratet fram mot sommaren. Miljødirektoratet gjev tilsegn fortløpande. Oversikt over alle kommunar som har fått støtte vil bli annonsert i juni.
I utveljinga legg Miljødirektoratet vekt på potensialet for utsleppsreduksjonar, om tiltaka er innovative og ambisiøse, og om prosjekta har overføringsverdi til andre kommunar.
Det er i tillegg eit krav om at prosjekta må vere politisk forankra i kommunen, og at dei sjølv må bidra med eigeninnsats
Søknadsfristen for dei fleste prosjekttypane var 15. februar 2022. For følgjande prosjekt er det òg mogleg å søkje innan 15. september:
- Meirkostnadar for klimatiltak i konkrete anskaffingar
- Kartlegging av moglege klimatiltak tidleg i bygg- og anleggsprosjekt
Meir om støtteordninga Klimasats finn du på nettsidene til Miljødirektoratet. Der finn du også oversikt over alle prosjekter som har søkt eller har fått støtte gjennom ordninga.
Tabell 2: Oversikt over søknadar om Klimasatsmidler frå kommunane i Rogaland i 2022. Kjelde: Miljødirektoratet.
Prosjektnavn |
Søker |
Søkesum |
Vannbuss i Egersund |
EIGERSUND KOMMUNE |
9 000 000 |
Ombygging til Familiens hus |
GJESDAL KOMMUNE |
700 000 |
Smart sensorikk |
GJESDAL KOMMUNE |
301 000 |
Fra dieseldrevet til elektrisk lastebil |
HAUGESUND KOMMUNE |
1 120 000 |
Fra dieseldrevet til elektrisk pickup |
HAUGESUND KOMMUNE |
83 200 |
Gjenbruk på Haugalandet |
HAUGESUND KOMMUNE |
2 250 000 |
Mat for fremtiden |
HAUGESUND KOMMUNE |
520 000 |
Nytt kjøleanlegg i Haugesund ishall |
HAUGESUND KOMMUNE |
1 335 000 |
Nytt kjøleanlegg ved Havnaberg Seniorsenter |
HAUGESUND KOMMUNE |
875 060 |
Nytt kjøleannlegg ved Bjørgene Omsorgssenter |
HAUGESUND KOMMUNE |
435 000 |
Klimakrav i anskaffelser på Jæren |
HÅ KOMMUNE |
1 950 000 |
Gjenbruk av betong tårnkiosker til turisme-formål |
KLEPP KOMMUNE |
2 206 000 |
Omstilling til karbon-negativ fjernvarme i Klepp |
KLEPP KOMMUNE |
10 050 000 |
Utviding av rå-biogassnett til gardsanlegg, Jæren |
KLEPP KOMMUNE |
350 000 |
Elektrifisering av bussruter på Haugalandet |
ROGALAND FYLKESKOMMUNE |
12 000 000 |
Elektrifisering av Lysefjordsambandet |
ROGALAND FYLKESKOMMUNE |
12 000 000 |
Klima og miljøvennlig håndtering av massefyllinger |
ROGALAND FYLKESKOMMUNE |
350 000 |
Norges mest sirkulære matfestival |
ROGALAND FYLKESKOMMUNE |
575 000 |
Samarbeid om bedre ressursutnyttelse vest-øst |
ROGALAND FYLKESKOMMUNE |
1 400 000 |
Utredning av karbonrike arealer i Rogaland |
ROGALAND FYLKESKOMMUNE |
360 000 |
Delingsmøter om det grønne skiftet - tre årig |
SOLA KOMMUNE |
255 000 |
Forprosjekt klimareduserende tiltak Sele fyllplas |
SOLA KOMMUNE |
200 000 |
Bærekraftige og sirkulære anskaffelser |
STAVANGER KOMMUNE |
2 000 000 |
Klimanettverk Jæren |
STAVANGER KOMMUNE |
225 000 |
Ladekontainere |
STAVANGER KOMMUNE |
2 615 000 |
Prosjektplan utslippsfri bygge-og anleggsplass |
STAVANGER KOMMUNE |
215 000 |
Rådgiver klima og energi |
STAVANGER KOMMUNE |
850 000 |
Samarbeidsprosjekt |
STAVANGER KOMMUNE |
600 000 |
Utredning av ladehuber |
STAVANGER KOMMUNE |
200 000 |
Utslippsfri feiebil og flisekutter |
STAVANGER KOMMUNE |
332 000 |
Bildeling i Time kommune |
TIME KOMMUNE |
200 000 |
Forbedret innsamling landbruksplast |
TIME KOMMUNE |
200 000 |
Ladepunkt eltaxi i Time kommune |
TIME KOMMUNE |
150 000 |
Sykkelsats i Time |
TIME KOMMUNE |
525 000 |
Klimanettverk Haugalandet |
TYSVÆR KOMMUNE |
175 000 |
Utsira el-bildeling Garpeskjær |
UTSIRA KOMMUNE |
150 000 |