Nytt rundskriv T-3/12 om myndigheit etter forureiningslova

Dette rundskrivet omtalar mynde gitt Fylkesmannen etter forureiningslova med forskrifter og etter oreigningslova. Rundskrivet erstattar rundskriv T-5/91 og alle andre delegeringar av saksområde til Fylkesmannen fram til fastsettinga av dette rundskrivet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.11.2012

Etter at forureiningslova kom i 1981 er det gitt ei rekke delegeringar til Fylkesmannen. I 1991 blei det i rundskriv T-5/91 gjort ei opprydding i tidlegare delegeringar. Etter dette kom det fleire endringar, både av delegeringar og regelverksendringar inkludert endringar i omgrep.

Rundskriv T-3/12 (sjå vedlegget nedanfor) om delegering av mynde etter forureiningslova og oreigningslova er utarbeidd for å klargjere kva avgjerdsrett Fylkesmannen har på forureiningsområde i tråd med praksis etter tidlegare delegeringar.

T-3/12 inneheld ingen endringar i Fylkesmannen sitt fullmaktsområde, men er ei presisering av gjeldande praksis. Tidlegare delegeringar er oppheva, også delegeringar som er gitt før rundskriv T-5/91.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.