Nytt løyve til utslepp av spylevatn
IVAR IKS søkjer Fylkesmannen om nytt løyve til utslepp av spylevatn frå Langevatn vannbehandlingsanlegg i Gjesdal kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 08.05.2014
Endringa gjeld innføring av eit reinsetrinn med ozonering / biofiltrering og planlagt auke i forbruk av vatn fram mot 2050.
Frist for uttale er sett til 16. juni 2014. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn i lenkja nedafor. Eventuell uttale kan sendast på e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger»