Nytt løyve til Q-meieriene AS avd Jæren Gårdsmeieri
Fylkesmannen har gitt Q-meieriene AS avd. Jæren Gårdsmeieri nytt løyve etter forureiningslova. Løyvet gjeld produksjon av meieriprodukt og juice på Øksnevad industriområde i Klepp kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det vil bli produsert konsummjølk, syrna og smakstilsett mjølk, fløyte, Skyr, yoghurt og rømme. I tillegg produserer meieriet fruktjuice. Totalt produksjonsvolum i 2014 var ca. 83 000 m3 medan det i 2017 er planlagt for ca 114 000 m3 årleg.
Prosessavløpet saman med sanitært avløpsvatn, skal vere kopla til offentleg avløpsanlegg der Klepp kommune er eigar. Dette er igjen kopla på eit lengre transportsystem som IVAR IKSer eigar av og som går frå Klepp Stasjon til Vik reinseanlegg i Time kommune.
Vilkåra i løyvet er basert på eit utjamna utslepp av prosessavløp opp mot 18 m3/time (5 l/s) som omsøkt. Kapasiteten til reinseanlegget og kloakkpumpestasjonen på Klepp Stasjon er begrensande faktorar.
Rammene for utslepp av organisk stoff er 25 000 personekvivalenter (p.e.) som skal reduserast til ca. 9 000 p.e. når tiltaka er ferdigstilla. Det er ein føresetnad at 70% av det organiske stoffet vert reinsa vekk i IVAR IKS sitt reinseanlegg på Vik. Ei utviding av begeravdelinga kan auke det totale vassforbruket med ca 30% årleg. Utsleppsramma kan verte endra etter ei betre karakterisering av avløpsvatnet.
Saksutgreiinga og løyve med vilkår kan du sjå i dokumentlenka til høgre.