Løyve til utfylling ved Husøy

Fylkesmannen har gitt Karmsund Havnevesen IKS løyve til utfylling ved Husøy, Karmøy kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.09.2015

I samband med etablering av ny kai nord på Husøy, har Karmsund Havnevesen IKS behov for arbeider i sjø. Omsøkt område ved Husøy er regulert til «Havneområde i sjø – nord (Plan 488-2) vedtatt 24.03.2015.

Løyvet omfattar utfylling av ca. 10 000 m³ sprengsteinsmasser, nedsetting av 27 peler, og sprengning/mudring av ca. 6 000 m³ fjell. Omsøkt tiltak vil berøra eit areal på ca. 7 500 m² på sjøbotn. I løyvet er det bl.a. stilt krav om at arbeidet skal utførast på ein så skånsom måte som mulig, samt at eventuelle muddermassar skal leverast til godkjent deponi på land. Det er også satt tidsbegrensning på sprengningsarbeidet.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå lenke til høyring og saksdokument i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.