Løyve til utfylling i sjø ved Strandanes i Suldal
Fylkesmannen har gitt Statnett SF løyve til utfylling og sprengingsarbeid i sjø ved Strandanes, Suldalsvatnet, Suldal kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I samband med NSN-prosjektet, der det skal leggjast kabel for kraftutveksling mellom Norge og England, skal overskotsmassar frå tunnelarbeid fyllast i sjø, og danna nytt landareal ved Strandanes. Løyvet omfattar utfylling av om lag 90 000 m3 sprengsteinmassar, og tiltaket vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 9 000 m2. Botnsedimentet er vurdert som forureina, og det er i løyvet sett krav tiltak for å hindre partikkelspreiing under utfylling og sprenging, samt tidsavgrensing på når på året tiltaket kan utførast.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjøringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.