Løyve til utfylling i sjø ved Solbakk - Strandastøa

Fylkesmannen har gitt Statens vegvesen løyve etter forurensningslova til utfylling i sjø langs Rv. 13 mellom Solbakk og Strandastøa i Strand kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.11.2015

Løyvet omfattar utfylling av om lag 80 000 m3 sprengsteinmassar frå tunnelarbeid, og tiltaket vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 9000 m2. Utfyllinga skal tilpassast den eksisterande utfyllinga ved Ryfylketunnelen på Solbakk. Det er i løyvet mellom anna satt krav om tiltak for å hindre spreiing av skyteleidningar i plast.

Sjå lenker til løyve og tidlegare høyring i høgremargen.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 5001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.