Løyve til utfylling i sjø ved Mekjarvik industriområde

Mekjarvik Eiendom AS har fått løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved gnr. 51, bnr. 84, ved Mekjarvik industriområde i Randaberg kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.01.2016

Løyvet gjeld utfylling av om lag 16 500 m3 stadeigne sprengsteinsmassar, og tiltaket vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 4 400 m2. Det skal etablerast siltgardin rundt utfyllingsområdet for å hindre partikkelspreiing, og for å skjerme to nærliggjande ålegrasenger.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 5001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå lenker til saksdokumenta i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.