Løyve til mudring i Kvilldalsvika i Suldalsvatnet

Fylkesmannen har gitt Statnett SF løyve til mudring i Kvilldalsvika, Suldalsvatnet i Suldal kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.09.2015

I samband med NSN-prosjektet (kabel for kraftutveksling mellom Norge og England), har Statnett SF behov for mudring i Suldalsvatnet.

Løyvet omfattar mudring av ca. 975 m³ masser som samla vil berøra eit areal, botnareal på ca. 1 100 m². Botnsedimentet er vurdert som forureina, og det er i løyvet m.a. satt krav om tiltak for å hindre partikkelspreiing ut av området, samt tidsbegrensing på når på året tiltaket kan utførast.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå saksdokumenta i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.