Løyve etter forureininglova til Lyse Produksjon AS

Lyse Produksjon AS har fått løyve til utfylling av sprengsteinsmassar i sjø i Lysebotn i Forsand kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.05.2014

Fylkesmannen har 09.05.2014 gitt løyve til Lyse Produksjon AS til utfylling av sprengsteinsmassar i sjø for etablering av molo/småbåthamn. Det er i løyvet satt krav til tiltak for å hindre at marine naturverdiar vert negativt påverka som følgje av partikkelspreiing under arbeida.

Utfyllinga i Lysebotn omfattar om lag 570 000 m3 sprengstein, og den vil dekke eit areal på ca. 41 mål på sjøbotnen.

Sjå løyve og søknad med vedlegg i dokumentlenka til høgre.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.