Etterhandskunngjering av løyve til mudring og utfylling i Indre Galeivågen
Statens vegvesen Region vest har fått løyve til mudring og utfylling i sjø i indre Galeivågen, Stavanger kommune. Sjå søknad og løyve her.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har gitt løyve etter forureiningslova til mudring av ca. 80 m3 i sjø ved eigedomen 7/864 i samband med etablering av overvassleidning frå eksisterande veg i Galeivågen.
Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå land, og det er derfor også behov for å etablere ei midlertidig sprengsteinsfylling på ca. 70 m3.
Tidlegare undersøkingar har vist at sjøbotnsedimenta er forureina med bly, kopar, kvikksølv, sink, polyaromatiske hydrokarbonar (PAH-forbindelsar) og tributyltinn (TBT) i tilstandsklasse 4 (dårleg) - 5 (svært dårleg). Polyklorerte bifenyler (PCB) er påvist i tilstandsklasse 3 (moderat).
For å hindra spreiing av forureina sediment under arbeidet er det satt krav om å nytte siltgardin. Oppmudra masser skal leverast til godkjent deponi på land og det er satt krav til støy, plastoppsamling, internkontroll, beredskapsplan m.m.
Eventuelle klagar til løyvet kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Klagefrist er 3 veker.