Etterhandskunngjering av endra løyve til arbeid i sjø i Holeviga

Multiconsult AS har på vegne av Eigersund Næring og Havn KF fått endra løyve etter forureiningslova til utdjuping og utfylling i sjø i Holeviga ved Kaupanes i Eigersund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.04.2016

Løyvet vart vedteke 01.03.2016 og endra i vedtak av 26.04.2016. Endringa omfattar oppgraving av eldre fyllingsmassar for senking av fyllingsskråning. Føremål er å tilpasse kaien ved Hovland ferjeterminal til djupare sjøbotn. Overskytande massar skal nyttast til utfylling bak eksisterande molo ved ferjeterminalen.

Vedtaket om endring kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell grunngjeven klage kan rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå saksdokumenta i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.