Endra løyve til Karmsund Havnevesen IKS
Fylkesmannen har etter søknad fra Karmsund Havnevesen IKS endra løyvet av 24.02.2015 til arbeider i sjø ved Garpaskjær, Haugesund kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Med heimel i forureiningslova § 18 endra Fylkesmannen løyvet til mudring, sprengning og dumping i sjø på gnr. 39, bnr. 1 ved Garpaskjær i Haugesund kommune. Endringa gjeld omsøkt volum mudring og sprengningsvolum, samt berørt sjøbunnsareal. Etter arbeidene starta i veke 10, blei det oppdaga granatar i mudringsmassane.
Vidare undersøkingar
Karmsund Havnevesen IKS ynskjer no å undersøkje om det finns fleire granatar i eit større område langs kaien ved Garpaskjær. I den forbindelse er det også ynskjeleg å utdype til kote -10 i eit avgrensa område langs kaien. Tiltaket omfattar no mudring av ca. 90 m³ lausmassar, samt sprengning av ca. 120 m³ fjell i sjø. Omsøkt tiltak vil berøra eit sjøbotnareal på ca. 1250 m².
Dumpeplass tilsvarar eit areal på ca. 300 m², rett vest for omsøkt utdypingsområde. Sedimenta i tiltaksområdet er vurdert som forureina og må leverast til godkjent deponi på land.