Endra løyve til mudring ved Husøy og Garpaskjæret

Fylkesmannen har etter klage frå Kystverket Vest endra løyvet gitt Kystverket til mudring i sjø ved Husøy og Garpaskjæret i Karmøy og Haugesund kommunar. Endringa gjeld tidspunkt for utføring av arbeida i sjø.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.01.2013

Løyvet er gitt i samband med at Kystverket skal betre seglingssikkerheta i leia. Med heimel i forureiningslova § 11 og i medhald av forskrift av 01.06.04 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 22, gir Fylkesmannen Kystverket Vest løyve til mudring ved Husøy og Garpaskjæret.

I samband med løyvet stiller Fylkesmannen vilkår til arbeida, blant anna at tiltakshavar fører kontroll med arbeida og etablerer eit opplegg for å gjennomføre tiltak dersom uønska hendingar oppstår.

For å betre seglingssikkerheta ynskjer Kystverket å fjerne fire grunner i Karmsundet. Arbeide med å fjerna grunnene gjer det naudsynt og grave/sprenga i sjø. Løyvet omfattar mudring av 102 405 m3 fjell- og lausmassar (skjelsand). Samla vil tiltaket dekke eit areal på omlag 36 795 m2 på botnen.

Sjå søknadsdokumenta i lenkene til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.