Etterkunngjering av mellombels løyve til lagring av dekk – Gangstø Transport AS
Statsforvaltaren har gitt Gangstø Transport AS mellombels løyve etter forureiningslova til mellomlagring av kasserte dekk i Vikebygd, Vindafjord kommune.
Publisert 13.12.2024
Statsforvaltaren i Rogaland gir Gangstø Transport AS mellombels løyve til lagring av inntil 500 tonn dekk på tomt 332/74 i Vindafjord kommune. Løyve gjeld frå dags dato og til 15. mars 2025.
Grunna utfordringar med vidarelevering av kasserte dekk grunna brann i nedstrøms anlegg, er det behov for økt mellomlager i regionen.
Sjå søknad, og vedtak i dokumentlenka.
Partane som er involvert i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket, jf. forureiningsforskrifta § 41-5. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren i Rogaland innan tre veker.