Etterkunngjering av løyve til kompostering – Stangeland Maskin AS
Statsforvaltaren har gitt Stangeland Maskin AS midlertidig løyve etter forureiningslova til kompostering av park- og hageavfall på Kalberg.
Publisert 09.07.2024
Løyve gjeld kompostering av park- og hageavfall på Nordre Kalberg pukkverk i Time kommune. Løyvet gjeld frå dags dato og varer ut 2025.
Sjå søknad, og vedtak i dokumentlenka.
Vedtaket kan påklagast av part med rettsleg klageinteresse, jf. forvaltningslova § 28, innan tre veker.