Søknad om løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall
SAR AS har søkt om løyve etter forureiningslova til mottak og mellomlagring av oljehaldig vatn/slop og spillolje i faste tankar i tankfarm på Asco-basen, Risavika sør i Sola kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 17.02.2015
Omsøkt lagringsramme er 1 000 m3.
Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn på Servicetorget i Sola rådhus og i høgremargen på desse nettsidene.
Uttaler til søknaden kan sendast innan 4 veker frå kunngjeringstidspunktet som e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.