Søknad om endring av gjeldande løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall
Soltin AS har søkt om endra løyve på verksemda sitt tankanlegg på Storøy i Karmøy kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Soltin AS søker om endring av gjeldande løyve etter forureiningslova til mottak og mellomlagring av visse typar oljehaldig farleg avfall på tankanlegget Storøy gnr. 140 bnr. 35 i Karmøy kommune.
Verksemda søker nå om endring av løyvet til også å gjelda a) mottak og mellomlagring av inntil 1 000 tonn farleg avfall som stykkgods i eigen lagerhall, og b) utviding av typar farleg avfall som kan mottas og mellomlagrast i eksisterande tankfarm.
Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn på Servicetorget i Karmøy rådhus, Kopervik og på desse nettsidene - sjå dokumentlenkene i høgremargen.
Uttaler til søknaden kan sendast innan 4 veker frå kunngjeringstidspunkt som e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.
Dokument
- Søknad frå Soltin AS med vedlegg mottatt 28.05.15
- E-post frå Soltin AS 15.12.14 med vedlegg
- Søknad frå Soltin AS mottatt 18.12.14
- Gjeldande løyve overført til Soltin AS Storøy tankanlegg 13.02.12
- Kunngjeringstekst Soltin AS
- Fylkesmannens høyringsbrev til Karmøy kommune 12.02.15
- Fylkesmannens høyringsbrev til andre høyringsinstansar 12.02.15